Rusdebatt på ville vegar

Dette innlegget er 7 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
Foto: Cristian C, flickr
Foto: Cristian C, flickr

Delvis tilfeldig tok eg til i min første jobb som psykolog i rusfeltet for eit par månader sidan, på eit tidspunkt da tilsynelatande alle hadde ei meining om dei ruspolitiske debattane.

Tekst av Reidar Schei Jessen, nyutdanna psykolog.

Eg skriv debattane i fleirtal, for innan rusfeltet går konfliktlinjene på kryss og tvers. Nokre vil grovt dele dette inn i dei som ønskjer ein restriktiv ruspolitikk og dei som vil liberalisera. Blant dei restriktive finn me aktørar som argumenterer for høgare avgifter på alkohol og kriminalisering med utgangspunkt i (kristen) moral, og som har tru på at det er mogleg å førebygge uønskte fenomen med loven i handa. Men me finn òg aktørar som forsvarar dei same standpunkta med bakgrunn i den etter kvart omfattande forskinga som tyder på at det viktigaste førebyggingstiltaket me har for å redusere den totale rusbruken i befolkninga er at me alle ruser oss mindre. Blant dei såkalla rusliberalistane er det nokre som meiner av meir eller mindre prinsipielle grunnar at det skal vere så få statlege inngrep i folk sin kvardag som mogleg. Difor burde det vere langt enklare å kjøpe alkohol enn i dag. Framstegspartiet er kanskje den fremste representanten for eit slikt syn.

Foto: Patrick Da Silva Sæther
Foto: Patrick Da Silva Sæther

Hjelp, ikkje straff
Men me finn òg aktørar som meiner det er inhumant å kriminalisere menneske som lider. Dette blir tydeleg når me ser dei høge tala på folk som blir fengsla i Noreg og internasjonalt for oppbevaring og bruk av narkotika. Sårbare rusmisbrukarar blir påførte ekstra liding på grunn av straffeforfølging (Fekjær, 2016). I eit slikt perspektiv er skadereduksjon viktig. Dette inneber at me som samfunn er nøydd til å hjelpe dei som har utvikla eit rusproblem framfor at politiet arresterer dei. Ifølge den nordamerikanske jussprofessoren Dean Spade (2015) råkar den såkalla krigen mot narkotika minoriteter som transpersonar og etniske grupper og andre sårbare menneske hardare enn andre. Ein konsekvens av denne krigen er til dømes at heile ein av tre afroamerikanske menn i USA blir arrestert og fengslet i løpet av livet.

Avhengnadens vesen
Nokre av diskusjonane kring politiske tiltak kan virke høgtflygande og fjerne frå den kliniske kvardagen. Som nyutdanna psykolog møter eg likevel mange av dei same utfordringane som samfunnsdebattantane knytt til korleis eg med mine akademiske og sosiale privileger kan gripe ”avhengnadens vesen” og hjelpe personar som lever meir sårbare liv. Eg kjenner meg ofte fanga i eit tilsynelatande umogleg val mellom å forsøke å forstå kor makteløyse mange rusmisbrukarar kjenner seg, samstundes som eg prøver å gjere dei medvitne kring sitt eige ansvar. I den samanheng kan det vere interessant å undersøke korleis menneskemodellane som ligg til grunn for dei ulike politiske standpunkta pregar meg i mine pasientmøte. Med menneskemodell siktar eg til meiningar kring korleis menneske tenker, føler og handlar. Grovt forenkla kan me kanskje seie at både rusliberalistane og rusmoralistane deler eit syn på menneske som vesen som er kapable til å kontrollera eige rusbruk, nærmast uavhengig av omgivnadene. Dette er synspunkt som dreg vekslar på aktive menneskemodellar, som inneber at menneske ved hjelp av si eiga fornuft kan setje til side medfødde og sosialt overleverte tendensar. Båe dei som argumenterer for ein restriktiv ruspolitikk med utgangspunkt i betydinga av å redusere det totale konsumet og dei som arbeidar for avkriminalisering og skadereduksjon tenker rusmisbruk skyldas krafter som er utanfor mennesket sin kontroll. Døme på slike krafter kan vere samfunnsforhold som tilgang til rusmiddel, eller at dei tenker det er skulda av nevrobiologiske endringar i hjernens belønningssystem. Eit slik perspektiv inneber ein meir passiv menneskemodell, kor menneske sine handlingar er styrde av medfødde, psykologiske eller sosiale faktorar.

Dilemma
Desse ulike meiningane kring menneskelege motiv og kva årsakene til avhengnad er, pregar oss alle. Når eg treff ein pasient som har rusa seg i fleire år, har ein rufsete bakgrunn og det eg oppfattar som ein del uheldige val bak seg, så kan eg oppleve at eg i mitt strev etter å forstå tyr til faglege forklaringar som trekk vekslar på ein passiv menneskemodell. Eit døme på dette er pasienten som fortalde meg at hen, etter ein krangel med sambuaren, drakk seg full og blei valdeleg, og som i etterkant opplevde at valden var utanfor hens kontroll. Min spontane reaksjon var å tenke at dette hang saman med dei konfliktane i nære relasjonar som pasienten er oppvaksen med, og slik gi meining til det som hende. ”Pasienten er sjuk og lir”, kan eg ta meg i å tenke i situasjonar som denne. Eit slikt perspektiv er kanskje nødvendig for å ha medkjensle med pasienten. Samstundes hadde eg eit behov kommunisere at hen har eit val i slike situasjonar, og at endringa må finne stad hjå pasienten sjølv. Men når eg legg vekt på dette så bekymrar det meg at eg moraliserar over korleis pasientane lever liva sine.

Middelveg
”Kven er eg til å vurdere korleis andre lever liva sine?”, er eit spørsmål som ofte melder seg i terapitimane, samstundes som eg kjenner på ei stigande kjensle av at eg ikkje forstår pasienten. Nokre gangar undrar eg over dette behovet for å forklare avhengnad som ein sjukdom eller ein konsekvens av dårlege oppvekstvilkår eller andre ytre faktorar skuldast at eg prøver å beskytte pasientar frå eigne og andre sine moralske vurderingar. I tida framover ønskjer eg å finne ein middelveg mellom å anerkjenne betydinga av pasientane sine omgivnader og sårbarheiter, samstundes som eg vektlegg deira moglegheiter for aktive val som bryt dårlege mønster.

Referansar:
Spade, D. (2015). Normal life. Durham: Duke University Press.

Fekjær, H.O. (2016). Rus. Oslo: Gyldendal. 

Dette innlegget er 7 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.